onsdag 6. juni 2012

Kuvøsegensarar?

Treng du noko lett å strikke? Eg lurer på om eg skal strikke kuvøsegensarar til barnesjukehuset i Haydom. I denne linken finn du oppskrift og meir info. Det er ikkje mange månadane sidan eg såg bilete og høyrde ein svært engasjert mann her i bygda fortelle om turen han hadde vore med på til Haydom og deromkring. Det er snakk om Tanzania, og eit svært godt sjukehus. Så kanskje skal det verte slike prosjekt istaden for luer og skjerf i sommarvarmen;)

Ingen kommentarer: